Meininga var at Hadartun/Hareid sjukeheim skulle få direkteoverført lyden frå julekonsertane i kyrkja. Håkon Ulset, som er ein av bebuarane ved Hadartun, tykte det var trist at dei frammøtte ikkje fekk høyre "Vi syng jula inn". – Det hang plakatar fleire stader i bygget om overføringa av konserten, så det var nok mange som vart kjempeskuffa då dei ikkje fekk høyre den no rett før jul, forklarer Ulset. Han opplyser at overføringssystemet har fungert godt dei gongene han har nytta seg av tilbodet. Han høyrer ofte gudstenesta på søndagane. – Ekstra skuffande er det sjølvsagt når det er så gode konsertar som vert sendt. Det går vel ein del i ressursar og at det ikkje er klar fordeling av ansvaret. Då kan dette vere ei oppmoding om å få i stand ei betre organisering og samarbeid mellom Hadartun og Hareid kyrkje i framtida, meiner Ulset.

Ukjent for kyrkjeverja

Då "Vikebladet Vestposten" tok kontakt med kyrkjeverje Arnfinn Hanstad måndag føremiddag, hadde han ikkje fått beskjed om at det hadde vore problem med overføringa. Han forklarte at det tidlegare i haust har vore litt problem med systemet, men at det i seinare tid har gått bra. – Vi har investert mykje pengar i anlegget. Blant anna i ny mikrofon. Eg har ikkje høyrt noko om at det har vore problem under julekonserten før no, eg, seier han. Om det er teknisk eller menneskeleg svikt som er grunnen til at systemet ikkje fungerte søndagskveld, kan kyrkjeverja ikkje svare på. Han tykkjer sjølvsagt det er dumt at det gjekk slik, og forstår at mange er skuffa. – Eg kan ikkje gjere noko anna enn å beklage, og vi vil sjølvsagt gjere vårt beste for at lyden skal fungere skikkeleg til jul. Hanstad vil òg minne om at folk kan ta kontakt med han eller nokon andre i Hareid sokn, dersom fleire problem skulle oppstå i framtida.

Fann årsaka

Etter at "Vikebladet Vestposten" hadde vore i kontakt med både Hareid sjukeheim og Hareid sokn måndag føremiddag, kom det seinare på dagen ein beskjed om at det var ein plugg som var dregen ut av anlegget, og som dermed stoppa lydoverføringa. Dette skal no vere ordna.

Håkon Ulset tykkjer det er dumt at gode konsertar som vert sendt ikkje når fram til bebuarane ved Hadartun (Arkivfoto).