Før jonsokfeiringa i fjor måtte Sundgotmarka velforeining rykkje ut for å rydde opp i eit bål som ikkje vart godkjent av kommunen. Der hadde folk lurt seg til å kaste på ei mengde avfall.

I år håpar kommunen at ein skal sleppe å måtte seie nei til lag som ynskjer å fyre bål jonsokaftan.

Miljøansvarleg Arild Støylen, kommuneoverlege Inger-Lise Kaldhol og William Ekeli, leiar for førebyggande avdeling i Ulstein brannvesen, håpar jonsokfeiringa skal verte ein positiv dag, utan uheldige hendingar i forkant eller undervegs.

– Vi håpar på å unngå slike situasjonar som vi fekk i fjor. Då må vi vere litt strenge, men vi har gode hensikter, slår dei fast.

Trasig for dei ansvarlege

I desse dagar er det generelt bålforbod, men Jonsokaftan vert det gitt løyve til å tenne opp jonsokbål for dei som sender inn skriftleg melding til kommunen si e-postadresse.

Støylen og Ekeli gjer det likevel klart at det ikkje blir fritt fram. Teknisk etat og brannvesenet vil difor gjennomføre stikkprøver og følgje opp dei stadene der det skal tennast bål.

– Ingen vil ha det slik som det blei i Sundgotmarka i fjor. Det er spesielt trasig for dei som er ansvarlege og må rydde opp att, meiner Ekeli og Støylen.

Dei slår også fast at det er bålansvarleg sitt ansvar å passe på at alt går rett føre seg. I år vil dei som blir meldt inn som ansvarlege få eit skriv frå kommunen, og med ei e-postadresse vil det og verte enklare for kommunen å kome i kontakt med rette vedkomande.

Ekeli og Støylen legg og vekt på at båla skal meldast inn til kommunen.

– Oppdagar vi bål som ikkje er meldt inn på førehand, så kan det verte ei sak det også, fortel Ekeli.

Kaldhol, Støylen og Ekeli er samstundes klare på ein ikkje ynskjer å ta frå folk ein fin sommartradisjon, eller legge for store hindringar for dei som vil tenne bål 23. juni.

– Det blir ein del bål på slike kveldar, og målet er at alle skal få ein trygg og kjekk kveld, og at det som blir att etterpå er rein og trygg oske, utan miljøgifter, fortel dei.

Under stikkprøvene vil det bli undersøkt om det er anna enn reint trevirke på båla.

– Vi finn ein del oljeprodukt, samt malt og impregnert trevirke, møblar og større plastartiklar, seier Ekeli. Ved brenning av slike artiklar vil det oppstå ein forureiningssituasjon til luft, jord og vatn som vil medføre ein risiko for miljø og helse. Slike bål vil ikkje verte godkjent om slikt blir funne under ein inspeksjon.

Det er ikkje berre kva som blir putta i bålet som er viktig å tenkje på, men også tryggleiken til dei som skal vere i nærleiken.

– Det er mange som brukar å brenne seg i samband med jonsokfeiring, og då er det nedkjøling som gjeld, fortel Kaldhol.

Kommuneoverlegen åtvarar også mot røyken frå bålet, og at spesielt personar med astma og allergiar kan reagere på røyken.

– I tillegg så er det kjent at ulukkesrisikoen stig når ein blandar inn alkohol og rus, seier Kaldhol.

Stor brannfare

Ekeli ber om at ein tenkjer over den store skog- og grasbrannfaren.

– Det er veldig tørt i terrenget, og det må kome betydelege mengder nedbør før det er hjelp i. Fordelen med at dei fleste båla er i fjøra er at ein har ei vasskjelde lett tilgjengeleg, men det kan til dømes vere lurt å spyle rundt bålet for å lage seg ei lita sikkerheitssone, fortel Ekeli.