Det har vore ein omfattande og hard diskusjon mellom KS og Utdanningsforbundet om endra arbeidstidsavtale for lærarane.

KS sitt framlegg til hovudoppgjeret er i lærarane sine auge ein rein provokasjon, der dei mellom anna vil ta frå lærarane forhandlingsretten over eiga arbeidstid, gje full styringsrett til rektor og fjerne alle sentrale føringar for tidsbruken til lærarane.

Lærarane krev derimot meir tid til for- og etterarbeid for å sikre best mogleg undervisning og oppfølging av elevane, og sjølvsagt framleis rett til å forhandle om arbeidstid.

Grasrota gjer opprør

I forkant av at forhandlingane startar opp att 3. april er det varsla demonstrasjonar over heile landet. I tillegg har det alt vore demonstrasjonar i mellom anna Sola, Bergen og Bodø. Så engasjementet mellom lærarane er stort.

I ettermiddag, torsdag, er det demonstrasjon i Ålesund for lærarar frå heile fylket. Dit kjem også lærarar frå Nordfjordeid. Det er ikkje Utdanningsforbundet eller andre fagforeiningar som står bak aksjonen, det er grasrota av lærarar som arrangerer.

– Har de måle banner de skal ha med?

– Nei, men folk er oppmoda om å ta med plakatar, seier Veronika Bonaa som har stått i spissen for å få med lærarane frå Ulstein vgs.

Ho håpar dei blir ein stor gjeng som reiser etter arbeidstid. Ho veit at dei også reiser frå Herøy vidaregåande for å vere med på aksjonen. Dei har vore i kontakt med Ulstein ungdomsskule og Hareid ungdomsskule og veit at dei reiser over fjorden. Og dei håpar sjølvsagt at lærarane frå barneskulane i området reiser.

I Sande kolliderer aksjonen med årsmøte i Utdanningsforbundet, men dei håpar at nokre av lærarane prioriterer aksjonen i Ålesund.

Det er Liv Osnes Dalbakken, lærar ved Ulstein vgs., som skal halde hovudappellen i Åle i dag, torsdag.

– Bli med

Du treng ikkje vere lærar for å vere med å demonstrere. Å gje gode arbeidsvilkår for lærarane er viktig for at undervisninga til borna blir god, og det er viktig for rekrutteringa til yrket, minner Bonaa om.