Her kan du lese den store testen Forbrukerrådet har gjennomført av alle dei 1.374 fastlegekontora i Norge. Ein må scrolle eit godt stykke nedover lista før ein finn Ulstein Legesenter på 275. plass og Hareid Legesenter på 347. plass blant landets fastlegekontor.

Forbrukerrådet har testa og gitt til fastlegekontora på ein skala frå null til hundre, der hundre er best. Kontora får poeng for å gi god og relevant informasjon som er lett tilgjengeleg digitalt. Medisinskfaglege vurderingar er ikkje testa. Berre 2,5 prosent får grønt lys av Forbrukerrådet.

Ulstein Legesenter AS har i følgje testen 10 legar og 976 pasientar per liste (snitt).

Dei får ein score på 76 prosent på generell info, 50 prosent på konkret info, 88 prosent på konkret service, 45 prosent på digitale tenester og ein snittsum på 58,7 prosent. Det gir ein 275. plass på lista.

Hareid Legesenter har i følgje testen 6 legar og 918 pasientar i snitt per liste.

Dei scorar 76,0 prosent på generell info, 50,0 prosent på konkret info, 82,0 prosent på konkret service, 45,0 prosent på digitale tenester og ein snittsum 57,5 prosent. Det gir ein 347. plass på lista.

Legesenter i Rogaland best i test

Risavika Legesenter i Rogaland kjem ifølgje Forbrukerrådet best ut av alle i Norge med heile 78,2 poeng i snittsum.

- Dei svarar imøtekomande på telefon, og raskt og relevant på epost og sms. Dei gir gode svar på spørsmål om legane, kontoret og praksisen, og gjer det enkelt å bestille time og finne informasjon på nett, skriv Forbrukerrådet i ei pressemelding.

24 fastlegekontor har berre fått to poeng kvar og dermed hamna heilt på botnen i testen. Forbrukerrådet har ikkje funne nettside, epost-adresse, eller fått svar på telefon når dei har kontaktet desse fastlegekontora, berre enkelt og greitt fått informasjon om dei eksisterar.

– Det er skandaløst dårleg. Det er eit minstekrav at fastlegane følgjer fastlegeforskrifta, men vi må også kunne forvente at brukarane får gode svar på telefon eller epost. Kommunane må sjå til at alt dette blir følgt opp, seier Randi Flesland, direktør i Forbrukerrådet.

Direktøren meiner likevel at det er mest oppsiktsvekkande at kvart fjerde kontor ikkje har eigen nettstad. Det har derimot både Ulstein Legesenter og Hareid Legesenter.