Ordførar Anders Riise var ein av dei mange frå kommunestyret som saman med representantar frå næringslivet, Hafest og ulike organisasjonar, var med på møtet torsdag. Riise fortel at det var ein delegasjon som reiste til Stordal og fekk ei orientering om deira omstillingsarbeid «Vekst i Stordal» for eit tid tilbake, og at Hareid Næringsforum og kommunen blei inspirerte til å invitere Stordal til Hareid for å halde ei orientering til, slik fleire fekk vite kva dei har gjort.

– Det var eit veldig bra møte. Vi hadde også gruppearbeid, der vi leverte inn forslag på løysingar og samstundes retta fokus på kva for utfordringar vi har i kommunen. Det er ikkje til å leggje skjul på at Hareid kommune er i ei særstilling no, i forhold til at vi har så høg arbeidsløyse. Næringslivet og samfunnet elles treng ein liten «boost» for å få opp aktiviteten igjen. Dette blir no til eit prosjekt, som har fått arbeidstittelen «Vekst i Hareid» som skal gå over fleire år. Initiativet som kjem frå næringsforumet er noko som skal føre til haldningsendringar og auka forståing mellom kommunen, næringslivet og innbyggjarane. Vi skal engasjere kvarandre til å skape noko godt saman, seier Anders Riise.

Han meiner noko av fokuset også må rettast mot korleis ein skal klare å fylle dei tomme næringsbygga i kommunen.

– Vi har mange spørsmål, og vi treng å finne nokre svar, seier han.

– Betre dialog enn på mange år

Nyvald styreleiar i Hareid Næringsforum, Idar Flø, hadde saman med ordføraren oppgåva med å innleie møtet. Styreleiaren fortel at han er mektig imponert over kva Stordal, som har hatt mange av dei same utfordringane som Hareid, har fått til.

– Prosjektet dei har gåande er basert på omstillingsmidlar frå fylkeskommunen. Resultatet er mellom anna at dei har makta å fylle det som tidlegare var tomme næringslokale med nye prosjekt, nye bedrifter. Dei har også klart å skape nye arbeidsplassar, seier Flø.

Han meiner frammøtet på møtet torsdag vitnar om at det er ein ny glød på Hareid no.

– Vi har no ein betre dialog mellom kommunen og næringslivet enn vi har hatt på mange år. Dette må vi byggje vidare på, seier Flø.