Torsdag ettermiddag har UP gjennomført ein trafikkontroll ved Dragsundbrua. Resultatet vart 22 forenkla førelegg, skriv politiet på Twitter. Høgaste målte fart var 80 km/t.

Det har også vore gjennomført ein kontroll i Myrvåg. Der var det fem bilistar som fekk muntlege pålegg frå politiet, medan ein blir anmeldt.