Ulstein formannskap ber administrasjonen utarbeide ein tilstandsrapport om grindløa i krysset Vikemyrs/Gjerdegata. Dei vil også få vurdert kva det vil koste å setje i stand løa. I vedtaket som vart gjort samrøystes står det at Ulstein kommune gjerne kan ta i kontakt med kulturavdelinga i fylkeskommunen og eventuelt andre med kompetanse på restaurering av gamle, verneverdige bygningar.

Formannskapet ber også administrasjonen vurdere framtidig bruk av løa.

Saka kom opp etter innspel frå Senterpartiet.