Til no har kråka halde seg i nærleiken av verkstadområdet på Osneset og vestre fjørekant i Ulsteinvik. Men no i vår har ho tydelegvis flytta opp i øvre del - til Varleite, Lånagjerda, Anholen o.s.v. - Det interessante er at dei første bilda av denne kråka viser at ho hadde meir farge på kroppen før. Ho var meir sandgrågul, og tilnærma lik vanlege kråker - og med eit brunt hovud. No i løpet av vinteren og våren har fjørene lysna veldig. Det kan vi forklare med at dei brune fargestoffa er ømfiendtlege for ultraviolett lys og blir brotne ned meir og meir ettersom sollyset aukar på. At kråka blir meir og meir kvit på avstand er ein kombinasjon av medfødd fargefeil og bleiking. Også brunfargen i hovudet er blitt bleikare. - Vi veit ikkje kva kjønn denne kråka er, men det er grunn til å tru at det kan vere eit innslag av fargefeil i den kråkestammen ho er ein del av. For 5-10 år sidan hadde vi også ei liknande kråke. Ho var fødd på Skeide, og vi fekk inn mange rapportar på henne. Men så forsvann ho. - Også i sentrum av Ulsteinvik og andre plassar i kommunen finst det kråker som er litt “skjorete” - altså litt kvite - i vengefjørene. Eg ser ikkje bort frå at det kan vere ei kopling mellom desse og “dei kvite kråkene” eg nemnde og at vi har ein lokal kråke-stamme med innslag av arvelege fargefeil, seier Folkestad. - Der er forresten eit tilsvarande fenomen i Ålesund - der enkelte skjorer blir nesten heilt kvite. Dette innslaget har vore fast i alle fall sidan 1970-talet. I området Nørvasund-Blindheim var det observert to slike skjorer i fjor. - Er slike fuglar meir utsette for fiendar enn andre? - I utgangspunktet har dei ikkje nedsett livsdugleik. Men dei merkar seg ut - og er lettare å sjå for rovfuglar - og dermed lettare å ta ut som jaktbytte. - Vi har fått meldingar om at den kvite kråka i Ulsteinvik held seg mykje i lag med måsane på Osnessanden. Kva seier du til det? - Det veit eg no ikkje. Men det ser ut som om denne kråka blir mobba av andre kråker og at ho på ein måte må tole å vere det femte hjulet på vogna. - Så er det enkelte som spør om fuglen kan vere ei krysning av kråke og måse? - Nei, det er heilt utenkeleg.