– Me har no vore gjennom eit år med låg og noko søkkande arbeidsløyse, oppsummerer Stein Veland som er fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal.
Dei ventar at arbeidsløysa framleis vil vere låg i 2013. Det baserer dei på høg aktivitet i petroleums og offshorerelaterte næringar, privat tenesteyting og offentlege tenester.
– Næringslivet vårt står sjølvsagt overfor til dels store utfordringar i tida som kjem, men hovuddelen av desse vil makte å tilpasse seg dei utfordringane som kjem i 2013. Dette gjer at me ventar at Møre og Romsdal vil vere mellom dei to til tre fylka i Noreg med lågast arbeidsløyse også i 2013, spår fylkesdirektøren i Nav.
I november 2012 er 1,7 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid i Møre og Romsdal. Til samanlikning er arbeidsløysa i Noreg på 2,3 prosent.
Ulstein
Arbeidsløysa i Ulstein er no nede i 1,2 prosent. I november vart det 26 færre ledige enn månaden før.
31 menn og 19 kvinner står registrerte som arbeidslause.
Hareid
Arbeidsløysa i Hareid har også gått ned. Her er arbeidsløysa på 2 prosent, ti færre ledige siste månaden.
27 kvinner og 27 menn står registrert som arbeidslause.
Herøy
Arbeidsløysa i Herøy er på 2 prosent, inga endring samanlikna med månaden før.
60 menn og 28 kvinner står registrerte som arbeidslause.
Sande
I Sande har arbeidsløysa gått litt opp. Dei har fått fire fleire ledige siste månaden. Arbeidsløysa er no på 2,4 prosent.
19 menn og 15 kvinner står registrerte som arbeidslause.