Sidan 2001 har talet på lærarar per elev gått ned i Ulstein kommune. Sidan då har talet på elevar gått opp og fleire av dei treng spesialundervisning. Skulle kommunen ha kome opp på same nivå som dei var då, skulle dei ha tilført 440 ekstra rammetimar. Det vil seie 18 stillingar, eller nær 11 millionar. Men Ulstein kommune har ikkje så mykje pengar dei kan bla opp på ståande fot. Som brannsløkking vil dei i første omgang tilføre 1,6 millionar kroner. Det vil seie om lag 78 rammetimar, noko som svarar til tre stillingar. Håkon Waage (H) ville vite kva ein rammetime er. Ein rammetime er ein undervisningstime over 48 veker, altså eit skuleår, fekk han til svar frå kultur- og oppvekstsjef Leif Ringstad. Varaordførar Olav Sæter (KrF) varsla at politikarane bør sjå nærare på dette ved neste budsjetthandsaming, for å sjå om kommunen då kan løyve pengar til fleire lærarstillingar.
Nyhende →
Fleire lærarar til ulsteinskulane
Ulsteinpolitikarane løyvde pengar til tre ekstra lærarstillingar i kommunen.