Ulstein AP har vedteke å fronte eit verbalframlegg til kommunestyret om å setje av 1 million kroner i 2018 til oppretting av eit livssynsnøytralt seremonirom i kommunen.

Gruppeleiar Renathe Rossi Kaldhol skriv på vegner av kommunestyregruppa at målet er både å få sett av millionen og få realisert eit slikt rom i løpet av 2018.

I det komande budsjettmøtet vil Ulstein AP derfor foreslå overfor kommunestyret at dei  ber administrasjonen greie ut og legge fram ei sak om eit slikt seremonirom innan 15. juni 2017.

Rossi Kaldhol strekar under at forslaget ligg utanfor rådmannen sitt framlegg til budsjett.

-  Dette er viktig for oss av fleire grunnar, framheld Rossi Kaldhol: - Vi har alt programfesta at vi skal arbeide for at eit livssynsøytralt seremonirom i Ulstein kommune. Vi erkjenner med dette det fleirkulturelle mangfaldet som er i Ulstein kommune, og vil arbeide aktivt for at alle innbyggjarar kan utøve si tru på lik linje. Særleg viktig for oss er det å setje dette på «kartet» når vi skal gå inn for forprosjektering til ny kyrkje. Dette er eit signal frå oss om at vi vil legge til rette for alle innbyggarane våre, etter beste evne. Noko som sjølvsagt også er vår plikt å gjere.