Eit samarbeidsprosjekt mellom tre vidaregåande skular i fylket, utdanningsavdelinga til fylkeskommunen, regional- og næringsavdelinga og miljøsentera, i tillegg til kommunane, er no i gang for fullt.

For å markere dette, arrangerte Ulstein vidaregåande skule ein eigen miljødag, den andre gongen eit slikt arrangement finn stad ved ein vidaregåande skule i Møre og Romsdal. Fyrste gongen var ved Atlanten vgs. i Kristiansund.

Karen Topphol, avdelingsleiar ved Ulstein vidaregåande skule, fortalde aller først at elevane i forkant av miljødagen hadde svart på ei undersøking kring kva dei gjer av miljøretta tiltak sjølve. I etterkant laga elevane seg eitt mål kvar, om noko dei skal byrje å gjere.

Fleire mål for betre miljø

Mannen som fekk i oppgåve å dra det heile i gong var den erfarne musikaren og miljøforkjemparen Jeroen Linnenbank. Han fortalde om miljøet på sin unike måte, med eit mål om å kommunisere best mogleg med elevane.

Ulstein kommune fortalde så om sitt arbeid for å leggje til rette for at innbyggjarane deira blir meir miljømedvitne. Runde Miljøsenter fortalde så om deira viktige arbeid.

Måla med samarbeidet er å:

1. Rette fokus mot klimaendringar og klimagassutslepp overorda, og sjå samanhengen med ressursbruken

2. Sjå utfordringane og moglegheitene i eige fylke for å redusere utslepp

3. Forstå viktige prinsipp som ligg bak teknologien

4. Lære meir om teknologien som er i bruk lokalt i fylket for å redusere utslepp

5. Utforske korleis klimagassutslepp er påverka av teknologival ein sjølve gjer i kvardagen

6. Involvere ungdommen/elevar i teknologiske val som fylkeskommunen/kommunane/offentleg sektor tek. Ta utgangspunkt i fylkekommunale mål i klimaplanane i innovasjonscampane. Resultata frå innovasjonscampane skal takast inn i vurderingane/planane/måla som fylkeskommunen gjer

Resultatmål:

- Innføre klimareduserande tiltak på eigen skule

- Oppmuntre til klimareduserande åtferd hos elevane

- Auke samarbeidet mellom miljøsentra og dei vidaregåande skulane

- Auke kompetansen om ressursar i eige fylke hos lærarar og elevar

- Auke kompetanse om klimareduserande tiltak hos lærarar i den vidaregåande skulen

- Auke engasjementet for klimaspørsmål (Skape eit utgangspunkt for klimareduserande tiltak/introduksjon i dei einskilde kommunane der stoffet er bearbeidd).