TV-aksjonen har sidan 1974 blitt arrangert kvar haust, ein søndag i oktober. I år vert TV-aksjonen arrangert den 23. oktober og den går til Røde Kors. Årets TV-aksjon skal redde liv og gi omfattande helsehjelp til fleire av dei mest sårbare i verda – menneske som er ramma av krig og konflikt. Målet er at ein gjennom TV-aksjonen skal kunne gi meir enn to millionar menneske livsviktig hjelp.

Midla som kjem inn gjennom TV-aksjonen i år vil gå til Røde Kors sitt arbeid i ni land: Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane skal også gå til å hjelpe flyktningar som har kome til Noreg.

Bli bøssebærar

- I oktober i år kan vi alle vere med å bidra til ein betre kvardag for flyktningar, seier leiar i ungdomspanelet, Marthe Hansen, i ei pressemelding.

For at alle skal få besøk av bøssebærarar mellom 16-18 den 23. oktober, treng TV-aksjonen til saman 100 000 bøssebærarar. Å vere bøssebærar betyr at du går med donasjonsbøtta til TV-aksjonen, frå hus til hus i eit geografisk avgrensa område. Området er som regel ikkje stort, og med mange nok frivillige, vil det ikkje ta meir enn ein times tid av søndagen din, står det vidare i pressemeldinga.

Ungdomspanelet håper mange elevar og studentar vil ta del i ulike aktivitetar i samband med aksjonen.

- Vi i ungdomspanelet vil oppmode alle i fylket til å bidra i solidaritet med flyktningane. Vi er sikre på at vi saman kan samle inn mykje, særleg når vi veit at pengane går til eit så viktig og dagsaktuelt tema, slår Hansen fast.