Helsestasjonen for ungdom er eit tilbod for ungdom mellom 13 og 21 år. Her kan ungdomar få hjelp til alt som har med kropp og helse å gjere, seier lege Birgitte Øvrelid.

Helsesøster Wenche Gjerde Sætre seier at det er mange ulike grunnar til å ungdom oppsøkjer helsestasjonen.

Tidlegare har Helsestasjonen for ungdom følgt skuleruta og hatt stengt i sommarferien, men i fjor hadde dei ope heile sommaren. Det vil dei også ha i år. Helsestasjonen for ungdom har ope to timar kvar tysdag ettermiddag.

Øvrelid og Sætre er glade for at dei kan gje ungdom dette tilbodet.

Lågterskeltilbod

På Helsestasjonen for ungdom slepp ungdomane å bestille seg time, det er berre å dukke opp. Dessutan er det gratis. Både lege og helsesøster er til stades.

Populært tilbod

Helsestasjon for ungdom er eit populært tilbod, men dei har kapasitet til fleire.

Helsestasjonen for ungdom held til på Reiten, i same bygg som kulturskulen og helsestasjonen.