Inn mot jule- og nyttårstida blir det dagleg handla julegåver, klede og matvarer for store summar. Det fører til store mengder av kontantar i omløp. Politiet oppmodar no publikum og butikkeigarar om å vere ekstra forsiktig med handteringa av kontantar.
Mykje pengar i omløp kan vere freistande for mange og gjere deg meir utsett for tjuveri.
– Politiet ønskjer at alle skal få gjennomført juleinnkjøpa sine på ein trygg og sikker måte, difor oppmodar vi deg til å vere forsiktig med kontanthandteringa, opplyser kriminaletterretningsleiar Per-Martin Bjartan ved Fellesoperativ eining i Sunnmøre politidistrikt.
I dag har politiet, finans-/banknæringa, representantar frå kjøpesentra og vekter- og sikkerheitsselskap på Sunnmøre hatt møte der sikkerheita og kontanthandteringa på kjøpesentra og ved sikkerheitsselskap var tema. Eitt av punkta som spesielt vart diskutert var sikkerheita for publikum og handelsnæringa knytt til julehandel og kontanthandtering.
– I den siste tida har delar av distriktet også blitt utsett for såkalla "skimming" på minibankar. Politiet ber no publikum om å vere ekstra observant ved bruk av minibankar. Ta gjerne ein fysisk test av utstyret i minibanken før bruk. Ved mistanke om at noko ikkje er som det plar, kontakt banken eller politiet umiddelbart, oppmodar kriminaletterretningsleiar Bjartan.
Politiet ber deg vere spesielt forsiktig når du:
• Tar ut pengar i minibank og handterer større kontantbeløp.
• Skjul pinkoden din ved bruk av minibank og betalingsterminalar i butikk.
• Ver merksam på eventuelle personar som held minibankar under oppsikt.
• Pass på lommeboka inne i butikkar og kjøpesenter
• Ta kontakt med politiet på 112 eller 02800 om du blir utsett for tjuveri eller forsøk på dette.
Den siste veka før jul vil politiet på Sunnmøre auke patruljeringa av kjøpesentra og andre stader der julehandelen går føre seg.