Onsdag kveld fekk politiet ei bekymringsmelding om at ein person i paraglidar hadde "gått i bakken" på Bigset.

Politiet rykte ut og kom i kontakt med mannen, som fortalde at reserveskjermen hadde løyst seg ut. Det kunne sjå litt dramatisk ut, men det hadde gått fint - og mannen var uskadd og i fin form etterpå.