Ulstein frivilligsentral deler ut frivilligprisen kvart år til ein initiativrik person, lokal foreining eller ei gruppe som har utmerka seg ved ein særskilt innsats for lokalsamfunnet .
5. desember er den internasjonale frivilligdagen. Frivilligprisen sitt mål er å setje fokus på det frivillige arbeidet menneske legg ned for andre, men også å skape engasjement rundt frivillig arbeid. Prisen skal synleggjere frivillig arbeid sin verdi gjennom å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats. Med ein frivilliginnsats over 115 000 årsverk ligger Noreg på verdstoppen i frivilligarbeid.
Prisen skal gå til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og/eller samfunnet.
Alle kan føreslå kandidatar.
Inger Anne Dimmen, leiar i Frivilligsentralen veit at det er mange eldsjeler i Ulstein kommune som fortener å bli sett pris på, og ho oppmodar herved alle til å nominere kandidatar!
Nominasjonane skal sendast/leverast til servicetorget på rådhuset eller Ulstein frivilligsentral innan 16. november 2012