Magne Grimstad jr. gjorde framlegg likelydande med tilrådinga frå levekårsutvalet. Denne tilrådinga vart samrøystes vedteke. Ingen røysta for rådmannen si tilråding om å avslutte ordninga.
Formannskapet rår såleis kommunestyret til å vedta at Ulstein kommune samarbeider i 2013 og vidare med kommunane Sande, Herøy og Hareid om VIT- og PMTO-prosjektet med Ulstein kommune som vertskommune, og sluttar seg til vertskommuneavtalane som legg ved. Det blir vidare arbeidd for å etablere eit fagnettverk mellom folkehelsekoordinatorane innanfor God Helse.
Vidare rår dei kommunestyret til å be Ulstein kommune ta initiativ til at Utekontakten blir vidareført. Kommunestyret ber om ei evaluering av prosjektet “Utekontakt og ungdomsteam”. Dei ber om at det blir lagt fram eit sak med forslag til ein ny organisering av prosjektet, anten som eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane, eller eventuelt at Ulstein kommune arbeider fram eit prosjekt i eigen regi.
Husleigeavtalen med Ulstein om lokalitetar er oppsagt då det ikkje lenger er aktivitet knytt til samarbeidet i huset, og koordinatorstillinga blir avvikla i tråd med den strukturen som blir vedteke i den nye samarbeidsavtalen.
Det blir arbeidd for at kostnaden som dei tiltaka som ein går vidare med blir dekt av eksterne prosjektmidlar, midlar som tidlegare har vore sett av til interkommunalt førebyggande arbeid og midlar som no kjem i rammeoverføringane til dette føremålet.
Samarbeidsorgan blir bede om å arbeide vidare innafor mandatet sitt til å finne gode samarbeidstiltak som kan løysast i fellesskap mellom kommunane innafor dei rammene ein til ei kvar tid har.
Kommunestyret er samla til møte 13. desember, der dei gjer endeleg vedtak i denne saka.