Etter tips frå publikum, og god hjelp frå dei, fekk politiet pågripe ein mann for promillekøyring i Fosnavåg. Dette skjedde sundag ettermiddag.

Bilføraren hadde køyrd særs vinglete. Det hadde også oppstått fleire trafikkfarlege situasjonar.

Sak vart oppretta og førarkortet vart teke frå han.