Nybygde Fosnavåg konserthus er i teknologisk toppklasse, men mangla ein identitet som stod til ambisjonane og særpreget som huset skal formidle.

Designbyrået Heydays fekk jobben med å utvikle ein visuell identitet som kunne tiltrekkje seg publikum og artistar frå fjern og nær.

- Vi har heile vegen prøvd å unngå middelmådige og komfortable val. Vi har ønska eit konserthus som skal reflektere at Fosnavåg er bygd på vinden og havet, med sildefiske som historie og høgteknologi som framtid. Den grafiske profilen måtte spegle dette, forklarer dagleg leiar Fredrik Remøy i eigarselskapet Fosnavåg konserthus AS.

Designarane fann mange likeheitstrekk mellom musikken som blir spelt inne i konserthuset, og den dramatiske naturen like utanfor. Dei tok tak i Beauforts vindskala, først brukt til å skilde selføring på skip, og skapte ein musikalsk skala med ti logosymbol.

- På vegne av Herøy kommune er eg svært stolt over at Fosnavåg konserthus no får Merket for god design. Konserthuset er bygd utan kompromiss, og slik vil vi også at det skal oppfattast av andre. At vi no får merket for god design inneber at vi får merksemd, slik at endå flerie ønskjer å besøke bygget, kommentrer ordførar Arnulf Goksøyr.