På «lærarpartiet» Venstre sin plakat for fylkesordførarkandidat Gunn Berit Gjerde hadde det snike seg inn fleire språkfeil. – Den blei tatt ned med det same eg fekk vite om det, fortel Gjerde til Vikebladet Vestposten.
Det har kome med fleire skrivefeil på Venstre sin promoplakat for fylkesordførarkandidat Gunn Berit Gjerde frå Hareid. Biletet av plakaten blei teke om bord i MS "Ullensvang" av ein lesar.
Foto: Innsendt.