Søndag kveld blei ein mann pågripen på Hareid, mistenkt for å stå bak eit biltjuveri frå ei bilforretning i Ørsta. No har ein person tilstått både dette tjuveriet og dei andre kriminelle handlingane som blei gjort i Ørsta og Volda i helga.

Dermed er innbrotet hjå Sport 1 i Vikegata i Ørsta også oppklara, der det vart stole ein dyr sykkel. Vidare er eit innbrot hjå Hageland i Furene oppklara. Der vart det stole fleire pc-ar, litt pengar og litt kle. Det skriv Møre-Nytt.

Les også: Biltjuv fakka på Hareid

Ein einaste person meiner altså å stå bak alle innbrota og tjuveria i Ørsta og Volda natt til laurdag, der det mest dramatiske var då mannen og ei kvinne som høyrer til same miljø hadde gøymt seg i ein bilbutikk til etter stengetid, og køyrde ein bil rett ut gjennom butikkvindauget etter at dei blei åleine i lokalet.

Det skal vere snakk om ein lokal kjenning i 40-åra, med fleire tidlegare saker på rullebladet.

– Han har no levert tilbake det han har stole, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til Møre-Nytt.