Dei fleste har reiseforsikring, men har du sjekka at den faktisk gjeld for heile familien? Og kva skjer når tenåringsguten tar med seg kjærasten på ferie? Og er den nye sambuaren din forsikra?

Problemstillingane er mange og reglane for kva som inngår i reiseforsikringa varierer mellom forsikringsselskapa. Ta difor ein sjekk på kva som gjeld før du reiser på ferie.

FamilieI utgangspunktet gjeld reiseforsikringa for den eller dei som er nevnt i forsikringsbeviset, og som er medlemmar av den norske folketrygda og har bustadadresse i Norge. Men kva viss tenåringsguten tar med seg kjærasten på ferien – gjeld «familieforsikringa» for ho også?

- Nei, i utgangspunktet gjer den ikkje det. Ei familieforsikring omfattar alle i familien som har same bustadadresse. Eigne born er medrekna i forsikringa inntil dei fyller 20 år, så lenge dei har same bustadadresse som foreldra. Denne kjærasten må difor ha eiga forsikring, seier Fred Hansen, salsleiar i Møretrygd.

Kan koste dyrtSalsleiaren oppmodar alle som skal ut og reise om å teikne reiseforsikring. Blir ein sjuk eller kjem ut for ei ulukke i utlandet, kan ein risikere krav i millionklassa.

-  Særleg når ein reiser utafor Europa kan det bli svært dyrt. Viss ein er så uheldig å hamne på sjukehus blir det raskt snakk om store pengebeløp. Blir ein sendt heim som bårepasient, kan flybilletten i seg sjølv koste fleire hudretusen kroner. I slike tilfelle er det nettopp reiseforsikringa som har redda mange, seier Hansen. Men det er ikkje berre på lange utanlandsturar det svarar seg å ha orden på forsikringa. Reiseforsikringa gjeld også på småturar her heime. Sjølv på mindre turar hender det at bagasjen kjem bort eller blir stolen. Då er det også nyttig å ha reiseforsikring, seier Hansen til slutt.

Hugs pengar, pass, helsekort og reiseforsikring. Foto: Odd Kristian Dahle/Møretrygd