Sunnmørsposten skriv at Herøy kommune slit med likviditeten. Oktober er ein månad dei slit ekstra mykje. Kommunen må betale ut løn for 35 millionar kroner, 12 millionar i tilskot til private barnehagar og samstundes får dei ikkje utbetalt skatteinntekter denne månaden.

– Vi kan ikkje lenger basere kommuneøkonomien på eit stadig håp om uventa høge skatteinntekter, seier Bjarne Kvalsvik (FOlkelista Sp) som ein kommentar til rådmann Erlend Krumsvik si skildring av kommuneaøkonomien.

Tidlegare fond er kraftig nedtrappa. No kan det bli aktuelt å selje aksjane til kommunen i Tussa.

Rådmannen ber politikarane setje bremsene på. Herøy har investert stort i det siste, i mellom anna Sunnmørsbadet og Fosnavåg konserthus.