Til møtet i nærings- og miljøutvalet i Hareid 24. november tilrår rådmannen å løyve 150.000 kroner får næringsfondet til ein «utviklingsstudie» i regi av Hareid næringsforum.

Utviklingsstudien er meint å førebu og legge føringar for korleis Hareid skal møte dei framtidige utfordringane som kjem når t.d. oljeselskapa og dei marine kontraktørane jagar etter løysingar med store kostnadskutt.

Det er bl. a. snakk om å utvikle attraktive industriområde og gode hamner.

I søknaden blir det vist til Statoil, som ser for seg ei framtid der plattformane kan styrast meir frå land.

Søknaden peiker på at vi har ein industriell kultur her på Sunnmøre – og at Hareid kommune kan ha gode føresetnader når det gjeld å legge til rette areal og tilflot.

Sitat frå søknaden: «Vår lokasjon ligg i ly for vêr og vind av grovaste kaliber, strategisk plassert med Breisundet som innsegling. Ser vi framover, til dømes ved gjennomføring av Stadt skipstunnel, vil truleg meir av trafikken gå indre farlei, noko som vil medføre at Hareid vil vere ein sentral plass med forholdsvis stor trafikk.»