Til møtet i teknisk utval i Ulstein kommune denne veka stilte Oddvar Gjerde spørsmål kring køyringa av overskotsmasse gjennom Ringstaddalen.

– Det er med undring vi har sett at det har vorte køyrt overskotsmasse frå Ulsteinvik og andre stader i kommunen gjennom den kommunale vegen i Ringstaddalen i Haddal og til deponi fremst i dalen. Gjerde lurte om det var tilfelle at kommunane hadde gjeve dispensasjon for utvida akseltrykk.

Les også: Risikerer bilen på dårleg veg

Teknisk etat svarte skriftleg på spørsmålet, og i svaret går det fram at kommunen har vanskar med å vise entreprenørar til massedeponi.

– Å transportere overskotsmasse lang veg er dårleg miljøpolitikk, slår teknisk etat fast.

– Det er vanskeleg dette, vi har vurdert vegen som svak, og kan ikkje gje 10 tonns dispensasjon. I turt vêr har vi, under tvil, gjeve løyve ut denne veka, skriv dei i svaret.

– Kommunen gjev løyve til utbyggingar av felt og vegar som ein del av utviklinga, men deponi har vi ikkje i Ulstein kommune.

Frå den komande veka vil det ikkje lenger verte tilsette å køyre Ringstaddalen. Då må massen deponerast på Eidet.

Teknisk etat informerte også om at det skal gjerast vedlikehaldstiltak med asfaltering på vegen ved brua i indre Haddal.

Oddvar Gjerde lurte på om det kunne stemme at det vart gitt dispensasjon for auka akseltrykk for køyring av overskotsmasse gjennom Ringstaddalen. Foto: Arkivfoto: Ole-Ottar Høgstavoll