"Olympic Orion" glei vakkert ut på fjorden under sjøsetjinga ved Kleven Verft i dag, laurdag. Foto: Anne Gry Eilertsen

I dag er det få skip som blir sjøsette ved norske verft. Skroga kjem som oftast slepande frå austeuropeiske eller asiatiske land, for utrustning ved verft i Noreg. Men Kleven Maritime har gått den andre vegen. Skrogmodulane til mange av skipa dei byggjer, i alle fall dei avanserte modulane, byggjer dei sjølve.

Kontrakten på Olympic Orion vart skriven i midten av november 2010, og stålbygginga starta i april 2011. Kjølstrekken på bedding fann stad i november 2011, og i dag, laurdag 28. januar 2012, vart båten sjøsett - heilt etter oppskrifta.

Ute på fjorden låg søsterskipet "Olympic Commander" og venta. Det vart døypt i Ålesund for ei veke sidan, og skal i kveld setje kursen mot Aberdeen og vidare ut i Nordsjøen for oppdrag.

Kleven Verft har under bygging eit tredje skip for Olympic i Herøy. Modulane er under bygging i høghallen. Skipet skal vere leveringsklart til hausten.

"Olympic Orion" som altså vart sjøsett i dag, skal vere ferdig til levering 20. juni i år.