– Me legg til rette for at kommunane kan byggje ut velferdstenester i takt med befolkningsutviklinga. Slik sikrar me at kommunane har gode høve for å byggje ut skular, barnehagar og pleie- og omsorgstilbod til dei som treng dette, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa følgjer også opp forslaget til nytt inntektssystem for kommunane, som vart presentert i kommuneproposisjonen.

– Det nye inntektssystemet betyr meir rettferdig fordeling av inntektene kommunane i mellom, seier Navarsete.

I tillegg peikar kommunalministeren på satsingar innan barnevern, rehabilitering av skular, symjebasseng, kyrkjer og fylkesvegar, sjukeheimsplassar, omsorgsbustadstilskot. (©NPK)