Stortingsrepresentant Alf Holmelid (SV)

Holmelid, som sit i Næringskomiteen, startar dagen med bedriftsbesøk i Sande kommune. Han skal m.a. innom Stadt Power Technology, Pla-Ny a/s og Nor-X Industry AS.

Deretter går turen til Runde miljøsenter, der Holmelid også skal få omvising og ikkje minst snakke med interesserte om rammevilkår for innovativt næringsliv med særleg vekt på nye støtteordningar for miljøteknologi.

–Vi trur dette vil vere nyttig informasjon for det framtidsretta næringslivet på Ytre Søre, seier Ingrid Opedal, som har lagt opp programmet for dagen i nært samarbeid med Arnljot Muren i Sande SV og Marte Skrede Hide i Herøy SV.

Idéen til besøket oppsto då Holmelid hadde innlegg på fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal SV nyleg. Han snakka om næringspolitikk, med eit innhald som utsendingane frå Ytre Søre meinte det lokale næringslivet ville ha god nytte av å få nærare kjennskap til. Holmelid er ein av to sivilingeniørar på Stortinget, og har 25 år bakgrunn i industri og forsking på Sørlandet. Holmelid meiner staten bør satse milliardar på risikoprosjekt for å utvikle nye næringar.

– I løpet av 2010 har regjeringa fått på plass fleire viktige tiltak som kan gi norsk industri eit springbrett inn i den nye marknaden for miljøteknologi og miljøvennleg energi, fortel Ingrid Opedal, som er 2. kandidat for Møre og Romsdal SV til fylkestingsvalet. Revidert nasjonalbudsjett som vart lagt fram i mai, presenterte eit nytt program for støtte til miljøteknologi. Det er svar på eit ønske frå sentrale næringsaktørar. Programmet skal blant anna gi støtte til større pilotprosjekt som ikkje passar inn i dagens støtteordningar. I statsbudsjettet for 2011 er det sett av nesten 300 millionar kroner til dette programmet, som vil bli vidareført med nye løyvingar neste år.

I tillegg til å informere om desse ordningane, vil Holmelid også lytte når han kjem til Nord-Vestlandet.

– Over nyttår vil regjeringa legge fram ein oppdatert strategi for miljøteknologi. Det handlar om å utvikle ein berekraftig og konkurransedyktig grøn industri. Skal ein lukkast med dette, krevst det godt samarbeid mellom næringslivet og styresmaktene.

– Viktige byggesteinar er lagt på plass, seier Holmelid, med ein står overfor store utfordringar. Difor er det så viktig at strategien for miljøteknologi blir vidareutvikla i god dialog med aktørar i næringsliv og samfunnsliv dersom vi skal nå målet om å skape ei ny vekstnæring.

Saman med Opedal og Muren, som særleg gler seg til å vise fram Runde miljøsenter, håpar han mange tek turen til Runde på torsdag for å lytte og kome med innspel til korleis regjeringa kan hjelpe til med å vidareutvikle bedriftene som satsar på miljøteknologi på Ytre Søre Sunnmøre.