Knut Bry deltek også under kunstivalen "Go with the Flø". Foto: Presse

Kunst, musikk og mote møtast i den vesle bygda Flø på Sunnmøre den 5. og 6. juni i sommar.

Kunstivalen «Go with the Flø» vert arrangert av Studio Hugo Opdal i samarbeid med Moods of Norway, Paul Stolper Gallery i London og dei busette på Flø.

Nøyaktig kva Knut Bry og Bendik Giske byr på, blir ei overrasking. Giske trakterer saksofonen, medan Bry spelar på ei pianoramme ved hjelp av ein modellflymotor. Framføringa vil også innehalde lydopptak frå den gamle sementfabrikken i Slemmestad utanfor Oslo. Giske speler til vanleg i trioen Listen som har teke imot ei rekkje prisar i utlandet og motteke strålande kritikkar for sine to album. Han er også sentral, både som musikar og produsent, på det kritikarroste debutalbumet «Look Back» til Nils Bech.

Bry er mest kjend som fotograf, men har i mange år også vore ein ivrig lydsamlar. Duoen Thinguma*jigSaw som består av Seth Horatio Buncombe og Martha Redivivus kjem med sin eigenarta splatterfolk. Deira andre album, «Ghoul’s Out», som vert slept no i mai, er spelt inn i New York, Dublin og Oslo. Albumet inkluderer også gjesteframføringar frå artistar som Peter Delaney, Sport Murphy, Cian Nugent og Sharron Kraus.

Det er tidlegare kjent at Apparatjik som består av medlemmer frå Coldplay, Mew og a-ha, gjør sin andre framferd nokosinne under "Go with the Flø". Billettane til denne konserten vil vere svært avgrensa.

Same helg vert sommarens kunstutstilling ved Studio Hugo Opdal opna. Her vert det stilt ut nye verk av verdas kanskje mest kjende – og omdiskuterte kunstnar – Damien Hirst.

Det vert også kunst frå blant anna Gavin Turk, Susie Hamilton og Peter Blake. Dei 167 innbyggjarane i bygda legg seg i selen for å by dei besøkjande på mat og drikke under kunstivalen. Førsteslåtten blir også tatt tidleg på fleire av markane, for å gi plass til parkeringsplassar og ein eigen festivalcamp.

Thinguma*jigSaw kjem til Flø. Foto: Ranveig Bøe/Presse
Saksofonisten Bendik Giske kjem også til Flø. Foto: Knut Bry/Pressefoto