Jon Åge Gjerde i Verparen fortel at dei har ringt til Geithus der dei er ekspertar på vatning av skeisebaner - og fått gode tips om framgangsmåten. Lokale brøytarar har fjerna snøen frå grusbana, men let det stå att eit tynt is-/snølag, som det vil vere ideelt å ha vatn på. Men då Jan-Arild Bjåstad og Odd Johan Fiskerstrand skulle legge ut slangar frå brannstasjonen og ta i bruk brannbilen til vatninga, kom det kontrabeskjed frå områdeleiar Nils Yngve Nupen: Vassforbruket på Norway Pelagic i Hjørungavåg var no så stort – og reservane i høgdebassenget i Melshornlia så knappe - at han ikkje våga å opne for vatning av bana. Men truleg kan bana bli vatna i dag torsdag – og då er det planen å lage ein fem cm tjukk is. I følgje vêrmeldingane vil det vere kjølig ei god stund framover.
Nyhende →
Kommunen hadde ikkje nok vatn til å lage is på Hareid grusbane
Skeiseklubben Verparen hadde alliert seg med Hareid brannvern og var klare til å vatne Hareid grusbane onsdag kveld med tanke på å skaffe publikum ein stad å gå på skeiser i tida framover. Men kommunen hadde ikkje nok vatn, slik at vatninga ikkje kan skje før tidlegast i dag, torsdag.