På Herøy Gard vert det Kaupangsdagar 22. og 23. mai. Foto: Arkiv

Målet med dagane er å gjenskape litt av den stemninga som kunne ha vore på dei gamle kaupangane der handverk, husflid og råvarer stod i sentrum. Samtidig er det eit mål å kunne synleggjere verdien av tradisjonsbore handverk, husflid og matstell.

Kaupangen ligg ikkje langt frå tunet, men ein vil flytte seg "drastisk" i tid. Her vil ein oppleve vikingar i tidsrette klede med sine handverksprodukt og sine syslar.

Under kaupangen kan born og vaksne få ta del i ulike aktivitetar med rot i gamal tradisjon. Leik og idrett der alle generasjonar tek del ilag, står sentralt. Ein kan nemne; bogeskyting, roing, vikingleikar, smiing(spikking) med rå trevirke og mykje anna. Elles kan ein ride på islandshest, vere med på historievandring og rotokt i nærområde. Det vert dessutan sal av ulike matrettar.

Øya Herøy har vore ein sentral stad lenge før kristen tid, der folk har møttast til ulikt. Vikingtida og middelalderen (800 - 1536) står sentralt i historieformidlinga ved mueet. Møre Frie Vikingar har i fleire år danna kaupang mellom gardstunet og Herøyberget, der den gamle middelalderkyrkja frå 1100-talet stod. I år vert det ein utvida og "rein" vikingkaupang.