Bjørn Losvik talte ved minnesteinane ved Ulstein kyrkje. I bakgrunnen Ulstein mannskor og æresvak Fride Møller Flatin.

Losvik er kjend for mange som kateket i Ulstein. Under formiddagssamlinga ved kyrkja heldt han ein enkel, men gripande tale.

– Enkelte vil kanskje hevde at det er på tide å la krigen ligge; gå vidare. Eg ser det heller slik: For at vi skal kunne vandre vidare, må vi framleis minnast. På engelsk er det eit ordtak som heiter “forgive, but not forget”. Tilgi, men ikkje gløyme. Vi skal ikkje gløyme det som skjedde, for då er det fare for at det kan hende på ny. Det viktigaste fokuset vi kan ha, er at dette ikkje skal skje igjen.

- Dette er ekstra viktig å hugse på i ei tid då høgreradikale grupperingar igjen gjer seg gjeldande i fleire europeiske land, insisterte Losvik, som tok fram eit lite minne frå den gongen han var tolv:

På ein liten skule utanfor Harstad skulle dei markere 40-årsdagen for frigjeringa. Elevane fekk beskjed om å spørje heime etter noko dei kunne ta med til minneutstillinga på skulen denne 8. mai-dagen i 1985. Også unge Losvik spurde heime om der kunne finnast noko. Då fann mor hans fram eit svart-kvitt-bilete, teke på jernbanestasjonen i Narvik, der morfaren jobba. Biletet synte norske soldatar som returnerte i maidagane i 1945.

– Truleg var det morfar som hadde teke biletet, og slik fekk eg bidra med noko til skuleutstillinga. Dermed gjekk det opp for meg, knapt 12 år gammal, at desse hendingane var viktige også for meg. Eg hadde noko å takke for.

Krigsminnesteinen på Ulstein kyrkjegard inneheld 10 namn. I alt miste over 10.000 nordmenn livet under krigen. Bjørn Losvik minte også om at mange menn frå andre nasjonar kjempa på norsk side under felttoget i Norge:

– Vi har mellom andre ein god del polakkar i bygdene våre for tida. Det kan vere høveleg å minne kvarandre om at også polske soldatar fall i Norge i 1940.

Tradisjonen tru la Losvik ned krans også ved minnesteinen over dei som har kome bort på havet:

– Vi bur på kysten, og vi veit så altfor godt om dei harde realitetar. Nordmenn har vore eit havets folk, eit ferdafolk av sjømenn, og det pregar oss. Vi veit at risikoen er der for dei som har yrket sitt på sjøen også i dag. Det finst familiar langs heile kysten som ikkje har ei anna grav å gå til enn ein slik minnestein, sa Losvik – og siterte Bjørnestjerne Bjørnson:

“Men vesle fiskebåt har båret frem så mangen dåd

av mot og herlig kløkt,

skjønt aldri ble den trykt.

Og mangen sjømanns liv

fikk dødens krans av tang og siv,

som burde hatt i gull

sitt navn blant kjempekull."

Monica Ekrem leia samlinga ved kyrkja, Ulstein mannskor bidrog med song, og sjuandeklasse-elevane Anna Brandal, Jonas Bakke Osnes, Fride Møller Flatin og Martin Fiskaa Ødegård stod æresvakter.

Bjørn Losvik legg ned krans. Æresvakter er Anna Brandal og Jonas Bakke Osnes.