Jostein Bratli, som er tilsynsmann i vassverket, fortel at det ikkje er mangelen på vatn frå drikkevasskjelda Hammarstøylsvatnet som er grunnen til driftsvanskane. - Vi har rett nok ikkje vore oppe og kontrollert vasstanden i det siste, men akkurat det har aldri vore noko problem før, meiner Bratli, som derimot peiker på to faktorar som har gjort det vanskeleg: - Vi har hatt svært stor aktivitet - og dermed vassforbruk - i fiskeindustrien i Hjørungavåg. Dessutan har vi hatt mykje frost-tapping mellom privatkundar som vil unngå at leidningane deira frys. Alt dette, saman med eit vassbrot ved ungdomsskulen i 20 minusgrader, har gjort at nivået i høgdebassenget i Melshornlia kom så langt ned at vi måtte setje inn restriksjonar. LÅG VASSTAND Eit bilde frå demninga i Hammarstøylsvatnet sist søndag gir inntrykk av ein temmeleg låg vasstand, men altså ikkje så låg at det er dramatisk. Forklaringa på nedtappinga er at vi har hatt ein lang nedbørsfattig periode der den avgrensa nedbøren har kome i form av snø. Frå siste del av oktober til midten av desember kom det nesten ikkje nedbør i det heile - og deretter kom ein del nedbør i form av snø før ein sterk kuldeperiode utan tilsig. Vêrmeldingane tilseier at tilsiget i vasskjeldene her på øya vil vere minimalt også den næraste veka. Det er vanleg med nedtappa magasin midtvinters, men det er eit mykje sikrare fenomen i innlandsmagasina enn i kystmagasina, som ofte kan fløyme over om vinteren. Kraftprodusentane i Midt-Norge opplyser at magasin-tilsiget i vinter (dei tre siste månadene) har vore berre det halve av normalen, samtidig som forbruket i same periode har vore 10-15 prosent høgare enn normalt.