Stemnegeneralane Kari Janne Ringstad og Arild Grimstad kan bl. a. by på den kjende trompetisten Ole Edvard Antonsen m/band under Hareidsstemna i oktober. Foto: Anne Gry Eilertsen

Stemnegeneralane Kari Janne N. Ringstad og Arild Grimstad har jobba iherdig i over eit halvt år med å skaffe gode trekkplaster til årets utgåve av Hareidsstemna – som strekkjer seg frå 15. oktober til 24. oktober.

Ein del overraskingar vil det framleis kome, men programmet begynner i hovudsak å ta form.

Den offisielle opninga blir laurdag 16. oktober, men alt dagen før byr Bigset blandakor inn til “Best of”-konsert i Hareidshallen.

Opninga laurdag blir tradisjonen tru under Hareid kunstlag si utstillingsopning på Hareid rådhus. Utstillar i år blir Marita Bett Jensen, som er busett i Ørsta. Ho har hatt fleire utstillingar tidlegare, og var mellom anna festivalkunstnar under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda i 2006.

Same kveld blir det konsert med vokalgruppa PUST i Hareidshallen.

Pust er i toppsjiktet av norsk a capella-song og er kanskje den beste vokalgruppa i Noreg i dag. Kritikarane har overgått kvarandre i å rose dei dyktige songarane.

Fleire vokalgrupper har gjesta Hareidsstemna dei siste åra. Blant anndre The Real Group og Nordic Tenors, og Pust er så avgjort med i denne gullrekkja.

Dagen etter, søndag 17. oktober, er det Hamar Musikkorps/Jernbanens Musikkorps som inntek Hareidshallen. Den utflytta hareidsdølen Audun Garshol har vore leiar i korpset i ei årrekkje. Planen var å trekkje seg i fjor, men då han fekk signal om at dei var ønskte til Hareidsstemna, valde han å stå eit år til. Til saman har han truleg med seg eit korps på om lag 70 musikarar. Audun gler seg både til å få vise det høge musikalske nivået orkesteret hans held, og til at musikkvenene hans skal få oppleve kulturen og landskapet han kjem frå.

Ut over i veka blir det arrangement kvar einaste dag. Tradisjonen tru blir det blant anna Ishavskveld, Ballegove på Holesanden, konsert i regi av Musikk- og kulturskulen, og ei rad andre arrangement.

Fredag 22. oktober blir det duka for storkonsert med trompetisten Ole Edvard Antonsen med band i Hareidshallen. Edvardsen er internasjonalt anerkjend, og er mykje brukt som trompetsolist rundt om i Europa, Amerika og Asia. Han blir rekna som ein av dei fremste trompetsolistar i verda.

Dagen etter, laurdag 23. oktober, er det klart for Stemnefesten. Årets stemnetalar blir Inge Eidsvåg, forfattar og lektor ved Nansenskolen på Lillehammer. Han er cand. philol. med hovudfag i historie, og har i ein mannsalder vore mykje brukt som kåsør mellom anna i NRK. Han har blant anna fått “Brobyggerprisen”, “Forsoningsprisen” og “Kulturprisen for Gudbrandsdalen”. Han er rekna som ein framifrå kåsør både når det gjeld innhald og framføring.

Programleiar under stemnefesten blir også i år Anne Holstad. Ho skal mellom anna intervjue Maria Parr, som har gjort kometkarriere som barnebokforfattar dei siste åra. Maria Parr ættar frå Hareid, og blir av kritikarar karakterisert som den nye Astrid Lindgren.