I eit svarbrev til aksjonsgruppa for sommaropen fødeavdeling gir dei alt ansvar til underføretaket Helse Sunnmøre. A ksjonsgruppa fekk berre beskjed om å framleis halde kontakta med leiinga i Helse Sunnmøre, og at dersom dei vil gå vidare med saka så må dei kontakte Helse- og omsorgsdepartementet. Sjølv om Helse Midt-Norge eig helse Sunnmøre, vil dei altså ikkje bli innblanda i saka, melder Nærnett, nettavisa til journalistikkstudentane i Volda. Svein Sunde, talsmann for aksjonsgruppa, er skuffa over brevet frå Helse Midt-Norge, og synest dei tek for lett på saka.