Fleire hundre deltakarar frå heile Noreg var med på to innleiande rundar. Til slutt stod det att åtte finalistar som i helga konkurrerte om å bli dei to heldige som får vere med på landsfinalen i Korea. Peder Dimmen (34) sikra seg andreplass og tur. Men så viste det seg at nummer ein ikkje kunne reise, og dermed rykkjer Dimmen opp på førsteplass, og tredjemann i konkurransen blir makkeren hans. Konkurransen vart ei stor fjør i hatten for verkstaden til Ulstein Bil. For på fjerdeplass i finalen kom Olav Eiksund, verksmeister ved Ulstein Bil. At Peder Dimmen smatt seg framom sjølvaste verksmeisteren, synest Eiksund er heilt greitt. Det gjer meg ingen ting. Eg har ikkje helse til å vere med på festane deira likevel, smiler han. Dei to innleiande rendene gjekk føre seg via Internett og inneheldt teoretiske oppgåver. Under finalen i Oslo skulle dei ti deltakarane gjennom ti teoretiske og fem praktiske oppgåver. Finalistane skulle blant anna feilsøke og reparere ei girkasse, og feilsøke og reparere ein dieselmotor. Peder Dimmen er oppvaksen i Hareid, men er no busett på eit gardsbruk på Flø. Han har jobba ved Ulstein Bil sidan 1995. Eg visste ikkje at eg var så god, smiler han. Men det visste eg, repliserer verksmeister Olav Eiksund. Verdsfinalen i Sør-Korea går av stabelen frå 29. oktober til 2. november i år. Og Dimmen trur konkurransen blir knallhard. Eg får dessverre ikkje tid til å trene så mykje, for her er fullt trykk ved verkstaden, fortel han. Nei, vi har eigentleg ikkje kapasitet til å gje deg fri ei heil veke. Og det endar vel med at vi må ut til Flø og mate dyra dine også, humrar Olav Eiksund. Peder Dimmen har enno ikkje fått med seg kvar i Sør-Korea finalen skal gå. Men han tippar at det blir i Ulsan, der Hyundai har ein stor og moderne bilfabrikk og eit treningssenter. Dagleg leiar Svein Idar Eiksund ved Ulstein Bil har vore i Ulsan, og han meiner Dimmen går ei oppleving i møte. Det er ikkje akkurat nokon småby han kjem til. Der ligg blant anna verdas største skipsverft, fortel Eiksund, som er svært stolt over at bedrifta hans har to bilmekanikarar som fekk så god plassering i landsfinalen.