Ordføraren går dermed i mot dei som vil rive det gamle ungdomshuset. Ho meiner det er fullt mogleg å både lage rundkøyring og bevare Trudvang. Gjerde poengterer at ho ser det som viktig å ta vare på og få nytt liv i dei gamle kulturbygga i kommunen. Ho har arbeidt for å få til samhandling med privatpersonar, lag og stiftingar til fleire bygg. Bygdatunet har vorte sikra og fått nytt liv, Pakkhuset i Brandal like eins. Alvestadbua vart riven mot min vilje. Også der var det kome på plass pengar til istandsetjing, og der var planar om ny bruk. Men fleirtalet i kommunestyret ville det annleis, kommenterer Gjerde. No meiner ho det er viktig å få berga Trudvang, og ho vil gå inn for løyvingar til huset på neste års budsjett.

På leit etter lag og organisasjonar

Men Gjerde understrekar at også når det gjeld Trudvang er det viktig å få drivarar og gjerne også eigarar som kan stå på for huset. Ordføraren er derfor på leit etter lag, organisasjonar eller ei stifting. Trudvang har vore viktig for den kulturelle historia i Hareid, og er framleis tenleg til ei rekke kulturaktivitetar. Ikkje minst treng vi øvingslokale for lokale band, lokale til teaterøvingar og framsyningar. Også turngruppa må har permanent treningsstad. Og sjølv om Trudvang ikkje er heilt ideelt til dette bruket, er det tenleg inntil vi kanskje får på plass noko anna, meiner Gjerde. Ho vedgår at Trudvang treng andletsløfting både ute og inne. Viss ikkje det skjer, blir bygget ståande som ein skamplett i bygda. Kommunen bør samarbeide med eldsjeler som også ønskjer nytt liv i det gamle bygget. Etter hennar syn krevst det at interesserte privatpersonar organiserer seg slik at det blir god samhandling. Utviding av parkeringsplassen, slik at det blir tryggare å avvikle arrangement på Trudvang, er også noko ordføraren meiner må til.