Det vart rundt klokka halv tre natt til søndag politiet fekk melding om at ein mann gjekk rundt med ein kniv i Ørsta sentrum, opplyser operasjonsleiar Magne Tjønnøy til vikebladet.no. - Like etterpå fekk vi melding om at ein person blødde og var knivstukken utanfor ein utestad i Ørsta, fortel Tjønnøy. Ein patrulje kom til staden for å leite etter gjerningsmannen. Etter ein times tid kontakta dei han via telefon og konfronterte han med mistanken. - Personen vart pågripen utan dramatikk. Han sat først i arressten i Ørsta før han vart flytta over til sentralarresten i Ålesund, opplyser politiet. Mannen som er i 20-åra, sit framleis i varetekt og er sikta for ugjerninga. Offeret som også er ein mann i 20-åra, skal ha fått kuttskadar, men skadeomfanget er ikkje alvorleg, i følgje politiet. Begge personane kjem i frå Ørsta. Det er ikkje kjent kva som er bakgrunnen for knivstikkinga. - Saka vert etterforska og vitner skal avhøyrast, opplyser Tjønnøy.