Det var i slutten av september 2000 at Vikebladet Vestposten lanserte nettavisa "vikebladet.no". Sidan den gongen har ho blitt redesigna ein gong, i 2005. No fornyar vi igjen og presenterer oss på ei heilt ny plattform. Som lesar vil du nok venje deg til avisa litt etter litt. Målet vårt er naturlegvis å auke oppslutninga om eit avisprodukt som har blitt svært mykje nytta dei siste åra. Eg vil med dette også signalisere at vi har ambisjonar om å satse meir på nettavisa i tida som kjem - enn det vi har hatt kapasitet til dei siste åra. Det kan vi gjere gjennom omprioritering av ressursar, men først og fremst at fordi den nye løysinga er enklare å drifte enn den gamle. Det betyr at vi vil gi meir nyheiter, reportasjar, sport og debatt enn vi har greidd tidlegare. Samtidig håper vi etter kvart å gjere nettavisa endå meir ulik papiravisa når det gjeld innhald. Den nye nettavisa vil gi lesarane nokre tilbod som vi ikkje har hatt tidlegare. Det mest synberre er kanskje at vi no gir lesarane høve til å kommentere - eller kome med innspel - til innhaldet i mange av artiklane. Vi innfører også blogg, og har fått med oss ei rekke skribentar som "bloggarar". Kvar av dei vil styre sin eigen blogg, og også der blir det høve for lesarane å kome med innspel. Nokre bloggarar har alt skrive sine første tekster til den nye avisa, fleire kjem til etter kvart. Det er meininga at vi skal velje ut enkelte av tekstene og presentere dei i papirutgåva ein gong i veka. På toppen av dette har vi fleire nye tilbod - som fotoalbum, tv-guide og webkamera. Fleire tenester, linkar og tilbod vil kome etter kvart. Vi har førebels ikkje montert våre eigne webkamera på Hareid og i Ulsteinvik. Men dette vil og kome i sin tur. Så håper eg altså du likar det du ser; velkomen skal du i alle fall vere!