- Reinhaldsverket si målsetting er at vi skal gå over på eit system der oppgjer for avfallsleveransen i framtida blir etter vekt. Dette håpar vi skal fremje kjeldesortering av alle fraksjonar, seier dagleg leiar Peder Arne Almedal i SSR i ei pressemelding. For kvart kilo avfall som blir utsortert for gjenvinning, vil den enkelte abonnent merke det att direkte på si eiga rekning. Tidlegare har dei miljømessige argumenta vore på plass for heimekompostering, men den økonomiske motivasjonen har ikkje vore til stades. - Nå reknar vi med at det blir meir motiverande å drive heimekompostering, og dette vil reinhaldsverket følgje opp med tilbod om opplæring, seier Almedal. - Det er bestillt kurs i alle kommunar, slik at vi etter kvart kjem tilbake med arrangement for Sande og Hareid sitt vedkomande. Dette må vente litt grunna kapasitet hos kurshaldar. - Mari Melbø Rødstøl er ein dyktig kurshaldar som sit på svært god fagkunnskap. Ho bur på Åndalsnes og arbeider i Grønn Hverdag. Tidlegare har Reinhaldsverket og Grønn Hverdag også samarbeidd om informasjon vedkomande tøybleier.