I eit brev til Samferdselsavdelinga og Statens vegvesen gjer Hareid formannskap det klart at dei i første omgang ikkje er så opptekne av at den etablerte Timeekspressen mellom Volda og Ålesund skal flyttast frå E 39 til ei linje via Eiksundsambandet. Hareid formannskap er meir opptekne av hyppig og regelmessig kollektivtrafikk gjennom Eiksundsambandet til ferje og snøggbåt på Hareid. Ordførar Hans Gisle Holstad seier til Vikebladet Vestposten at når Kvivsvegen kjem er det viktig å få regelmessige bussavgangar frå Stryn til Volda, vidare via Eiksundsambandet til Garneskrysset og Hareid – og eventuelt Moa. Det bør også kome regelmessige bussar frå Måløy mot Garneskrysset, med vidare korrespondanse til Hareid og Moa. Og timeavgangar frå Fosnavåg til Garneskrysset, Hareid – og eventuelt Moa. Linjene må ha raske av- og påstigingar, med ein påstigingsterminal i Garneskrysset, slik at bussane lett kan svinge rundt til nye ruter.

– Bussterminal i Myrvåg ei feilplassering

Herøy kommune har fått statlege midlar, og har no lyst ut oppdraget med å få setje opp ein bussterminal i Myrvåg og skal etter planen ferdig til sommaren. På spørsmål frå Vikebladet Vestposten stadfester ordførar Hans Gisle Holstad at han meiner denne bussterminalen blir feilplassert. – At bussane til dømes frå Volda skal køyre om Myrvåg blir eit hinder som vil lenge reisetida, kommenterer Holstad.

– For dårleg samhandling

Hareid formannskap meiner fylket bør setje ned ei prosjektgruppe som ser på korrespondansen mellom dei ulike buss- og båtselskapa på Sunnmøre og i Nordfjord. Formannskapet viser til at når Kvivsvegen blir ferdig om ca. 3 år, vil det føre til nye moglegheiter for linjetrafikk/kollektivtrafikk frå Styr/Nodfjord-området via Volda og Eiksundsambandet til Hareid, og snøggbåtsamband til Ålesund sentrum og til Vigra flyplass, med direktefly også til utlandet. – Samferdselsavdelinga og Statens vegvesen bør snarast, og gjerne i samarbeid med Nordfjord, ta initiativ til eit slikt prosjekt. Og dei bør ikkje sjå berre på linjetrafikken for Søre Sunnmøre, men også på ei sterkare koordinering av tilførselstrafikken frå distrikta. Gruppa bør også vurdere kostnader, og ikkje minst skissere samhandlingsrutinar mellom aktørane i marknaden. Samhandlinga i dag fungerer lite tilfredsstillande. Og det er brukarane som lid av dårleg koordinasjon, noko som igjen fører tilat ein rett og slett ikkje stolar på kollektivtransporten, med derpå færre brukarar og omdømenedbygging, heiter det i brevet frå Hareid formannskap til fylket.

Ordførar Hans Gisle Holstad meiner ein bussterminal i Myrvåg blir ei <B>feilplassering</B>. Det er meir effektivt med ein av- og påstigingsterminal ved Garneskrysset.