Pilskog er hjørungavågar med tjue års fartstid i hareidspolitikken for Arbeidarpartiet. Han avslutta den politiske karrieren som varaordførar. Planane som har blitt presenterte under nemninga "Hod – Vikinglandet" synest han er glimrande. For Hjørungavågspelet treng ein fast permanent speleplass, og etter Pilskog si meining går det ikkje an å finne ein vakrare plass enn den prosjektgruppa har peika ut. Han har ikkje tru på at det treng om å bli brukarkonfliktar mellom spelet, konsertar og friluftsinteressene. Ålmenta skal sjølvsagt ha tilgang til Overåsanden, og spelplassen er ikkje tenkt på sjølve sanden. – Folkelista har skuffa meg. Og det er ein velkjent metode å be om betre utgreiing når du vil ha stoppa ei sak, kommenterer Pilskog. – Eg støttar forslaget om eit langhus også. Kven som skal eige og drive det skal ikkje eg legge meg bort i. Men for dei badande må det vere ein stor fordel av det i kjellaren på bygget skal kome sanitæranlegg. Ap.-veteranen meiner det no er på tide at publikum slepp å sitje på nokre vaklevorne benker i vegkanten når dei skal sjå spelet over eit av dei viktigaste slaga i Noreg si historie.

Kåre M. Pilskog er overtydd om at staden som prosjektgruppa har peika ut, vil vere den flottaste for Hod <B>?</B> Vikinglandet.