Styret i Dimna Grendahus søkjer Ulstein kommune om 210 000 kroner i krinsmidlar. For pengane vil dei setje opp ein gapahuk ved veggen på baksida av grendehuset. Gapahuken vil vere plassert i nærleiken av ballbingen og den nye leikeplassen. Dette vil vere i nær avstand til alle bustadfelta på Dimna, inkludert det nye byggjefeltet Legehaugane, skriv dei.

Dette vil vere eit lågterskeltilbod for å kome seg ut, også på regnversdagar.