Søndag har skipet Despina vore observert av fleire i området mellom Eika og Eiksund.

Skipet er på staden på oppdrag frå Statens vegvesen, som før jul gjekk inn i ein kontrakt med selskapet Fugro Norway AS om marine grunnundersøkingar i Sulafjorden, Halsafjorden og Vartdalsfjorden.

Oppdraget omfattar både geofysiske undersøkingar, lette geotekniske undersøkingar og prøvetaking i dei tre fjordane, skriv Vegvesenet på sine nettsider.

Bakgrunnen for desse undersøkingane er å skaffe seg nødvendig grunnlag for prosjektering av nye fjordkryssingar.

Det siste døgnet har skipet arbeidd i området rundt Eika, men også i deler av Vartdalsfjorden og ved Raudøya.

OSV'en Despina utanfor Havåg. Foto: Alf Ove Sævik