Helsedirektoratet vil hjelpe både dei som røykjer og dei som snusar til å slutte med det på Den store sluttedagen den 20. oktober.

Helsedirektør Bjørn Guldvog trur det kan vere effektivt å setje ein fast dato for dei som vil slutte med røyk eller snus.

– Ved å setje ein fast dag, håper vi at terskelen for å gjere eit sluttforsøk blir lågare for fleire. Ein dag utan røyk kan gjere ein forskjell, uansett om du endar opp som røykfri eller må prøve igjen seinare, seier Guldvog i ei pressemelding.

Røykjetelefonen 800.400.85 har elles døgnvakt på sluttedagen, og direktoratet minner om at dei 200 frisklivssentralane rundt om i landet kan hjelpe både enkeltpersonar og grupper til å slutte med tobakk. Helsedirektoratet har òg etablert Den store sluttedagen som eige arrangement på Facebook.

Sluttedagen er ikkje det same som FNs tobakksfridag, som kvart år blir markert 31. mai.