Takstmannen i KLP Skadeforsikring har konkludert med at hovudårsaka til lekkasjen var eit sedimentert taknedløp i kombinasjon med feilmontering av taksluk for 25 år sidan på det høge takpartiet over aulaen.

Forsikringsselskapet viser til at forsikringa ikkje dekker skadar som har oppstått når vatn har trengt seg inn i ein bygning på denne måten.

KLP Skadeforsikring gjer likevel merksam på at Hareid kommune kan anke på avgjerda.

For om lag 25 år sidan vart det lagt ny tekking på ungdomsskulen. Singelen vart spadd av og det vart bl. a. pålagt 10 cm EPS-isolasjon på eksisterande papptekking og nye taksluk. Etter dette har det vore enkelte tilfelle med mindre lekkasjar.

Lekkasjen skjedde medan Ålesund Taktekking AS var på oppdrag for Hareid kommune og i ferd med å utføre ei ny tekking.

Det var store nedbørsmengder natt til 26. september – og kraftig vind. Då skulepersonalet kom til arbeidsplassen om morgonen rann det vatn inn i skulen frå høgtaket over aulaen.

Takstmannen vurderer skadeårsaka som ”utvilsam”.