Skadane viser seg ved at blada rullar seg saman og blir misforma (sjå bildet til høgre).

Det finst fleire typar bladlus. Dei set seg både på blada og skot-spissane.

Motåtak

Når eit tre først har fått bladlus, kan eigaren gå til motåtak på fleire felt. Ei svensk nettside rår til å plukke bort alle skadde blad, legge dei i ein plastpose og destruere dei – anten ved å ha dei i bosset eller ved å brenne dei i peisen.

Eit godt oppfølgjingsråd er å sprute med hard vasstråle eller ei såpeoppløysing.

Berre 2 cm lang

Bladlusa er ca. 2 mm lang, med tynnhuda eggforma bakkropp, 3-til–6-ledda antenner og 3 par bein. Nokre artar er grøne, andre brune, raude eller svarte. Det finst både vingelause individ og individ med vingar.

Mange artar skil ut store mengder sukkerhaldige ekskrement, honningdogg, frå tarmen. Denne er svært ettertrakta av maur og bier. Ekskrementa gir også god grobotn for svertesoppar, som gir bladlusbefengde planter eit svart belegg.

Alle bladlusartar utviklar fleire generasjonar om året, og egga overvintrar.

Vertskifte

Ei rekke artar lever på ulike planteslag, andre er spesialiserte på ein enkelt planteart. Videre har mange artar eit vertskifte, d.v.s. at vårgenerasjonane lever på treaktige planter (primærvert), medan sommargenerasjonane lever på urteaktige planter (sekundærvert).

Bladlusa lever av plantesaft, og det er denne saftsuginga som fører til ulike skadar som bladkrølling, misvekst, skrumpete frukter, galler o.s.v. Ettersom bladlusa gjerne opptrer i koloniar og formeirer seg svært fort, særleg i tørre somrar, kan ho føre til store skadar på kulturplanter. Vingete bladlus blir spreidde over store område med vinden. Slik sett kan det oppstå epidemiar når dei først har fått feste i eit bustadfelt med mange hagar.

Mellom dei naturlege fiendane til bladlusa finn vi blant andre marihøner og larvane deira.