Det er tenesta Difi (Direktoratet for IKT og forvaltning) som held kontroll på om kommunane leverer ein god nok kvalitet på sine kommunale heimesider. Både Ulstein og Hareid ligg godt plassert i tabellen.
Over landsgjennomsnittet
Men sjølv om begge kommunane ligg godt an med fire av seks moglege stjerner i tabellen, har dei område dei må betre seg på om dei ynskjer å få seks stjerner i boka.
For begge kjem dårleg ut i vurderinga Difi har gjort på tilgjengelegheit. Landsgjennomsnittet ligg på 61 prosent. Ulstein har 46 prosent og Hareid har 39 prosent. Så her har dei begge ein del å ta tak i om dei vil auke kvaliteten.
I vurderinga av brukartilpasning kjem dei begge litt betre ut. Landsgjennomsnittet er 65 prosent. Ulstein har 60 prosent, medan Hareid har 57 prosent.
Men dei IT-ansvarlege i kommunane kan klappe seg sjølv på skuldra når det kjem til vurderingane på nyttig innhald. For her syner det seg at begge kommunane scorar godt over landsgjennomsnittet som er på 61 prosent. Ulstein har 69 prosent, medan Hareid har heile 77 prosent.
Over midten
Samla for dei ulike kategoriane kjem både Ulstein og Hareid likt ut med prosentar over midtstreken. For det totale gjennomsnittet for Ulstein og Hareid sine nettkvalitetar ligg på 59 prosent. Korleis dei eventuelt vil gå fram for å hente inn sine resterande 41 prosent, står att å sjå.