Dette er ei vidareføring av Alternativ Jul som vart arrangert på Hareid i fjor for innbyggarar i Hareid og Ulstein kommune.

– Vi allereie har fått påmeldingar, men at vi ønsker oss mange fleire, fortel Stian Runne Brandal. Arrangementet er ope for alle som ønsker å delta, familier eller enkeltpersonar, alle aldersgrupper.

Arrangør er foreninga ”Julekveld for alle”,  som blir driven av Stian Runne Brandal, Inger Anne Dimmen, Hanne Notøy, Annika Brandal og Marianne Breivik.

Det er altså første juledag det skjer:

– Vi serverer tradisjonell julemiddag med det som høyrer til, samt kaffi og kaker til dessert. Vi har eigne lokale der det er aktivitetar for born. Vi vil og sørge for underhaldning dersom det vert mange påmelde. Julenissen kjem sjølvsagt på besøk, seier Runne Brandal.

Han oppmodar om å ta  kontakt i god tid dersom du har matallergiar eller liknande som dei må ta omsyn til.

– Dersom du av religiøse eller andre grunnar ikkje ønsker tradisjonell julemiddag av svin og får, vil vi gjerne ha beskjed slik at vi kan ordne anna mat.

Skollebakken er universelt utforma med rullestolrampe og handicaptoalett.

– Er der andre osyn vi bør ta, ber vi om at du tek kontakt i god tid.

Påmelding skjer til ein av dei som er lista under. Det er gratis å delta, men alle som vil gi pengar til arrangementet kan bruke kontonummer 3910.45.87821

Vi tek imot påmeldingtil og med 15. desember. Påmelding skjer til:

Stian Runne Brandal – tlf. 97755425

Inger Anne Dimmen – tlf. 98230613

Hanne Notøy – tlf. 97558816